NJFF- Hordaland TAM (Trygghet, Ansvar og Mestring)

Prosjekteier NORGES JEGER-OG FISKERFORBUND HORDALAND

Tildelt sum kr 110 490

Om prosjektet

Bakgrunnen for strakstiltak.
TAM (Trygghet, Ansvar og Mestring) får ikkje gjennomført aktivitetane med TAM-elevane på normal måte ute, slik situasjonen er pr i dag, og så lenge skulane held stengt framover.
Instruktørane i TAM, saman med TAM-koordinator har stått på for å finna alternative løysingar. Løysingane me har kome fram til har blitt tatt enormt godt i mot av rektorane og kontaktlærarane på skulane me er inne hjå, og dialogen med dei har vore tett og god.
TAM- instruktørane har tatt i bruk digitale hjelpemidlar for å kunna nå ut til elevane, og gje dei ein god, men alternativ, TAM dag. Dei møtes i Google Meet, via Skype og telefon. Det er oppretta ein YouTube kanal, der videooppgåver vert lagt ut. Det er og oppretta ein Kahoot konto, der det vert lagt ut diverse Kahoot oppgåver dagleg til elevane. Til og med føresette synes dette er moro, og dei føl med og gjer oppgåvene sjølv og.
Elevane vert fylgt opp både på individuell- og gruppebasert nivå, utifrå kva behov dei har. Det er ikkje tvil om at desse elevane som har utfordringar til vanleg, vil ha endå større utfordringar i dag. Dette er og ein av grunnane til at rektorane set så umåteleg stor pris på at me har vist initiativ, vore løysingsorienterte og funne ut av korleis me kan løysa kvardagen på best mogleg måte. Med å ha den kontakten med elevane, fangar me lettare opp om nokon slit meir, samstundes som at elevane set pris på den moglegheita med kontakt.
Det som er vår største utfordring i dag, med å få gjennomført TAM-dagane slik me har lagt opp til no, er våre digitale verktøy. I og med at TAM-dagane våre stort sett alltid er ute, har ikkje pc vore prioritert, noko me merkar godt i dag. Dette er noko me ser me har stort behov for, og som vil gjera til at undervisninga opp mot elevane vil verta lettare å gjennomføra på ein god og meir effektiv måte. I tillegg har me heller ikkje noko gode kamera, for å kunna laga oppgåver til både Kahoot og YouTube, her vil det vere eit behov for å ha eit kamera i kvart at instruktørteama. No går det litt på mobilløysningar, og det er ikkje godt nok når ein vil laga filmsnuttar til dømes av livet i fjæra, under vatn.
Dette utstyret som me ser me har behov for no, vil og vera til god nytte etter coronaperioden.

Vi støtter prosjekter som gjør Norge til til et tryggere samfunn og gjør at flere av oss får muligheten til å leve friske og aktive liv.