Aktiv påske for ressurssvare familiar
Prosjekteier STIFTINGA GRANNEHJELPA
Tildelt sum kr 50 000
Om prosjektet
I Kvam som i resten av landet er ressurssvake familiar spesielt hardt råka i samband med kokona-tiltaka. Vekene med sosial distanse og stengte barnehagar og skular tærar på allereie krevjande familieforhold.
For å bøte litt på dette, ønskjer me å gje desse familiane ei påske-aktivitets-pakke med spill, puslespill, hobbysett m.m.
Målet med tiltaket er å bidra til sosial utjamning, og dempe negative konsekvenser av sosial distanse og fråvær av skule og barnehagen.
Tiltaket vert gjennomført i samarbeid med Kvam herad si oppvekstteneste og med NAV. Det er 80 familiar i Kvam som har brukt for dette, og påske-pakkane vert fylt med innhald som er tilpassa kvar familie. Grannehjelpa haldar inn og pakkar, og tenestene deler ut.
Me ønskjer å dele ut aktivitetspakkar neste veke, men det er sjølvsagt like aktuelt også etter påske, dersom søknaden ikkje vert handsame før det.